#Stamnes                              -Gleda er på vår side

Visjon

"Stamnes skal vere ei inkluderande og levande bygd med folketalsvekst og godt naboskap"

Fakta

Frå Stamnes strekkjer Veafjorden seg heilt ut til Stanghelle. Det er ein av svært få så lange fjordar i Norge som ikkje har veg på nokon av sidene. Dei veglause gardane i fjorden, heilt ute frå Fyllingslid, soknar til Stamnesbygda. Det er få fastbuande i fjorden, men mest alle gardane er bebudde i feriar og om sumaren. Det har budd folk i Veafjorden heilt frå før vikingtida. På Bukkestein er det blant anna funne ei grav frå jernalderen og på Kvamme har det og vore busetnad frå vikingtida og til no. Der Veafjorden møter Osterfjorden og Bolstadstraumen, ligg Stamnes sentrum. Eller Hedlo, som me her inne kallar vårt sentrum. Her er det kyrkje, bedehus og butikk. Stamnes er ei langstrakt bygd frå Kaland i nord, til Dæmring i syd. Me har Toskedalen Som ligg på Osterøy, ca 20 min med bil frå sentrum. Hesjedalen og Øyane finn du etter ca 10 min med bil frå  fv 569 ved Vikaståa. Nyoppussa Oppveksttun har me i Sanden, offesiell opning Mai 2021. Den inneheldt 1.-7. klasse, samt barnehage. Me har skuleskyss til alle som ikkje bur i Sanden. Me har også ungdomshus, ja faktisk to. Det eine er Frilund og ligg knappe 15. minuttars gong frå Hedlo nordover. Det andre ligg på Straume. Me har mange aktive lag i bygda, ta ein titt i "Tilbod" fana. Og du, sjekk finn etter eigedomar her då vel!

Liv og Lyst Stamnes

RING  OSS

Line Eide Vik: 91513114

SKRIV TIL OSS

lolstamnes@gmail.com

Samarbeidspartnarar:

Rune Langeland 

Kaisa Tiivel

Aktivitetshuset: Huset er ei satsing som Stamnes idrettslag har stått for. Her er det liv og røre, både spontane treff, og arrangementer. Huset kan leigast ved å ta kontakt med Husastyret.


Powered by Webnode
Create your website for free! This website was made with Webnode. Create your own for free today! Get started