Liv og Lyst Stamnes

Fyrste prosjekt som var eit eittårig prosjekt i 2019, resulterte i ei "styringsgruppe" på 5 personar. 

Gruppa vart forma på bakgrunn av møter der ein samla representantar frå dei største laga og aktørane i bygda. Etter desse møta vart det klart at prosjektet var mest tent med å ha ei styringsgruppe som hadde tid og engasjement for prosjektet. Leiar Nieves Tur tok jobben med å få på plass ei slik gruppe. 

No er det fire igjen i styringsgruppa til Liv og Lyst Stamnes. Dersom du har tankar om korleis Stamnes kan bli ein (om mogleg) endå kjekkare plass å bu, eller du er interessert i å formidle spanande historiar, starte aktivitetar, eller brenn for å markedsføre bygda. Då er du hjarteleg velkommen til å bli med oss på denne unike reisa me får ta del i som styringsgruppe i Liv og Lyst-prosjekt. Ta kontakt!

Kontaktperson: Line Eide Vik

Gruppemedlemmar: Christian Kulshamar, Torben Lilletvedt og Egil Kaland.


Liv og Lyst Stamnes får 3-årig prosjekt!

Etter ei spanande ventetid, med søknadsskriving og venting på svar kunne Nieves i desember sende ut gladmelding om at Stamnes får fornya engasjement i Liv og Lyst prosjektet. Styringsgruppa gleder seg over at det skal etableres meir aktivitet i bygda vår, med både inspriasjon og midlar som skal løfte Stamnes som komplett bygd med folketalsvekst, og godt naboskap. Nye idèar skal få bløma både i uformelle møter på Hedlo, eller i meir organiserte møter i bygda. "Rommet" på Hedlo vil vere ope med ujamne mellomrom etter avtale med Jolanda. Det er også råd for andre å ta initiativ til å opne for å møtast her, men då i samråd med butikksjef. Denne nettsida vil bli oppdatert med jamne mellomrom som ein del av prosjektet, og her kan alle bidra med bilder eller oppslag til oppslagstavla. Idemyldring og leserinnlegg kan også tenkjast ein plass på denne sida. Og i den forbindelse vil me oppmoda om å vise respekt og saklegheit, utover det er det ikkje krav om verken rettskriving eller form. Har du nåke å sei, e da viktigare å sei da, enn korleis da ser ut på trykk.

Liv og Lyst Stamnes

RING  OSS

Line Eide Vik: 91513114

SKRIV TIL OSS

lolstamnes@gmail.com

Samarbeidspartnarar:

Rune Langeland 

Kaisa Tiivel

Aktivitetshuset: Huset er ei satsing som Stamnes idrettslag har stått for. Her er det liv og røre, både spontane treff, og arrangementer. Huset kan leigast ved å ta kontakt med Husastyret.


Powered by Webnode
Create your website for free! This website was made with Webnode. Create your own for free today! Get started