Aktivitetar

Kajakkutleige

Stamnes idrettslag har SUP samt to doble og tre enkle kajakkar til utleige ved kommunal kai i sentrum. Informasjonstavle kjem. Sjå Stamnes idretslag for info. 

Aktivitetshuset

Stamnes AllAktiviteshus ligg i bygda med samme navn. Her ynskjer me å skape ein lågterskel møteplass, eit møtepunkt for alle i bygda, gammal som ung. Stamnes idrettslag og kommunen inngår leigeavtale ( som eit prøveprosjekt) frå 1.august 2021 - 1.august 2022. Blir dette så kjekt som me trur og håpar, ynskjer me å kjøpe bygget, for bygda - til bygda. Me er i startgropa - meir info kjem etterkvart - men berre så det e sagt: Du er hjarteleg velkommen til å bruke, bidra, ta initiativ aleine eller i lag med oss! Helsing arbeidsgruppa for AllAktivitetshuset - Helen Børhaug, Morten Lilletvedt, Christian Kulshamar og Nieves Tur.

https://www.facebook.com/groups/146106794221087

Blanke Messingen

Blanke Messingen er eit godt etablert kaffikorps som stiller opp på det meste av lokale arrangement i bygda. Det hender vi spelar utanfor bygda og.
Vi starta opp februar 1996 pga skulekorpset i bygda vart lagt ned, og ein ville ha musikk i 17.mai-toget.
Vi øver kvar torsdag på Stamnes Skule. Vi trenger fleire til å begynne som aspiranter hjå oss eller om du har spelt før. Det er mange ledige plasser. Her får alle som vil og har lyst, lov å vere med og spele.

Link Facebookside

Hesjedal gard

Hesjedal gard er ein godkjend "Inn på tunet" gard. Her møter du Elisabeth og Sturle. Dei bur på og driv garden med borna Ina og Oda.

Link

Liv og Lyst Stamnes

RING  OSS

Line Eide Vik: 91513114

SKRIV TIL OSS

lolstamnes@gmail.com

Samarbeidspartnarar:

Rune Langeland 

Kaisa Tiivel

Aktivitetshuset: Huset er ei satsing som Stamnes idrettslag har stått for. Her er det liv og røre, både spontane treff, og arrangementer. Huset kan leigast ved å ta kontakt med Husastyret.


Powered by Webnode
Create your website for free! This website was made with Webnode. Create your own for free today! Get started